Fredag 24. februar stilte tilsette frå Ås barnehage ved Stord rådhus. Her var det fleire som møtte opp i solidaritet med dei streikande. Frå Fagforbundet Vestland stilte fylkesleiar - Ørjan Myrmel, yrkesseksjonsleiar i kyrkje, kultur og oppvekst - Knut Remi Heimvik og ungdomstillitsvald - Jeron Joseph.
Eit breitt lag med ulike fagforeiningar og organisasjonar møtte opp. LO Bergen og omland, LO i Sunnhordaland, Utdanningsforbundet, El og IT, Heismontørene og mange fleire. Alle samd om det same: NHO må tilbyr ein innskotspensjon som gir lik pensjonsutbetaling for kvinner og menn, og som er livsvarig!