Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Fagforbundet var invitert når Kjersti Toppe la fram hovudpunkta om barnevern i forslaget til statsbudsjett 2024.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe og leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet Vestland, Sigrun Bøe Perez
Barne- og familieminister Kjersti Toppe og leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet Vestland, Sigrun Bøe Perez (Foto: Fagforbundet/Eskild Hustvedt)

På ein av CRUX sine barnevernsinstitusjonar i Bergen hadde barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) invitert til lansering av statsbudsjettet. Der var mellom anna Sigrun Bøe Perez, som er leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet Vestland.

– Me er godt nøgde med ei solid satsing på barnevernet, og at ein legg vekt på å styrke statlege og ideelle institusjonar, seier Perez.

Løyvinga til det statlege barnevernet vert auka med 570 millionar kroner, i tillegg prioriterer ein tiltak for å opprette fleire statlege og ideelle institusjonsplassar.

– Dei høyrer på oss 

Fagforbundet har hatt eit godt samarbeid med regjeringa og departementet om barnevern i 2023, mellom anna ved at det kom ei solid styrking av barnevernet i revidert nasjonalbudsjett for 2023.

– Me opplev at dei høyrer på oss og våre medlemmar når me fortel dei korleis det er ute i tenestene, seier Perez.

Fagforbundet, FO og landsforeningen for barnevernsbarn sammen med gode samarbeidspartnere i regjeringen og på stortinget
Representantar for Fagforbundet, FO og landsforeningen for barnevernsbarn saman med gode samarbeidspartnarar i regjeringa og på Stortinget (Foto: Cecilie Haga)

Behovet for hjelp frå barnevernet er aukande. For Fagforbundet har det vore viktig å bidra til at alle som har behov for hjelp, får det, og at det skjer innan rimeleg tid.

– Dette er eit offentleg ansvar, og det vert enklare å sikre god nok beredskap med større innslag av offentleg eide og drifta institusjonar. Det legg regjeringa no opp til, avsluttar Perez


Les også

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?