Vi må styrke rekruttering og betre arbeidsforholda
Sosialistisk Venstreparti (SV) arrangerte 21. februar innspelsmøte med fleire arbeidstakarorganisasjonar. Fagforbundet la vekt på at vi må styrke rekruttering, utdanningskapasitet og arbeidsforhold.
12.03.2025
av
Tonje Thorbjørnsen
Sist oppdatert: 12.03.2025
– For å møte framtidas behov for arbeidskraft må vi gjere ei rekkje tiltak, seier leiar av Fagforbundet, Mette Nord.
Under møtet la derfor Fagforbundet fram forslag som til saman vil kunne gjere oss betre rusta for framtida.
– Det er heilt klart at vi må gjere noko med utdanningskapasiteten. Vi treng gode læreplassar nær der folk bur, vi treng tilstrekkeleg kapasitet på studia, og vi treng nok praksisplassar, seier Nord.
Fagforbundet meiner òg at ein må satse tyngre på å behalde og utvikle dei som allereie jobbar i tenestene.
– Dei som ønskjer å gå vidare, anten det er assistentar som vil ha fagbrev, eller fagarbeidarar og bachelor-utdanna som ønskjer å byggje vidare på kompetansen sin, må dei få høve til å gjere det. Då treng vi gode ordningar som Fagbrev på jobb, og vidareutdanning med løn for alle, konstaterer Nord.
Ho understrekar òg at ein må satse vidare på «Menn i helse», og sikre at også kvinner kan få utdanning gjennom prosjektet.
– Her har vi eit opplegg som vi veit fungerer. Det får folk inn i arbeid, og gir oss sårt tiltrengde fagfolk i helsetenesta. Dette må vi satse vidare på, seier Nord.
Deltid er framleis eit stort problem
Fagforbundet la vidare vekt på at ein må ta nokre skikkelege tak for å få fleire heiltidsstillingar.
– Å ikkje tilsette folk i heile stillingar er å kaste bort kompetanse. Samtidig gjer det kvardagen for dei tilsette vanskeleg når ein ikkje veit kor mykje lønn ein får kvar månad. I 2025 kan vi ikkje akseptere at ein driftar sånn, seier Nord.
Deltidslista til Fagforbundet viser at berre 34 prosent av dei utlyste helsefagarbeidarstillingane i 2024 var heiltid.
Innovasjon og samhandling
Ein må involvere dei tilsette i teknologiutvikling, også når ein skal utvikle digitale løysingar.
– Det held ikkje berre å kjøpe inn hyllevare, då kan ein fort ende opp med ei løysing som ikkje fungerer fordi det ikkje er tilpassa arbeidskvardagen. Skal ein lykkast må dei tilsette vere med i heile prosessen, seier Nord.
Forbundet meiner òg at ein må betre samhandlinga mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
– Vi må bli betre på å samarbeide. Det er pasienten som er det viktige, ikkje kva tenestenivå vedkommande er i kontakt med. Vi må unngå at pasientar blir lagt inn på sjukehus, som like gjerne kunne fått behandlinga heime eller på sjukeheimen, avsluttar Nord.