Yrkes-NM i gang i Førde
Unge fagarbeidarar i 10 forskjellege fag møtes til venleg konkurranse om å bli Noregsmeister på yrkes-NM i Førde.
02.04.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 02.04.2025
– Det er utruleg gøy å sjå dei beste unge fagarbeidarane i Noreg utøve faget sitt, seier Helge Sporsheim i Fagforbundet.
Han er i Førde for å bidra til gjennomføringa av yrkes-NM i helsearbeidarfaget.
– Du kan ikkje sjå desse ungdommane konkurrere utan å bli positiv for framtida, seier Sporsheim.
Han er oppteken av å få gode ambassadørar som kan inspirere neste generasjons helsefagarbeidarar.
– Noreg manglar fagarbeidarar. Yrkeskonkurransar er ein flott måte å vise fram faget for ungdom som skal velje retning på vidaregåande, seier han.
Konkurransen er 1.-3. april. Vinnaren av yrkes-NM får sjansen til å delta på Noregs yrkeslandslag som skal til yrkes-EM i Herning, Danmark i haust.
Vil du følgje konkurransane? Fagforbundet straumar yrkes-NM på Facebook.