Til hovedinnhold

Henrik er noregsmeister i helsearbeidarfaget!

Henrik Solberg Bølgenhagen hos ein demenssjuk pasient på meisterskapets andre konkurransedag.

Henrik Solberg Bølgenhagen hos ein demenssjuk pasient på meisterskapets andre konkurransedag. (Foto: Oscar Aaslund Hovin)

Etter tre dagar med tøff konkurranse kom Henrik sigrande ut av yrkes-NM i Førde.

04.04.2025 av Oscar Aaslund Hovin og Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 09.04.2025

– Henrik er ein fantastisk ambassadør for faget, seier Helge Sporsheim, nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

– Ein veldig allsidig jobb

Me møter ein sliten, men stolt utøvar. 

– Eg vart ekstremt glad då dei ropa opp namnet mitt, seier Henrik til Fagforbundet.  

Henrik kjem frå Buskerud og arbeider til dagleg i heimesjukepleia i Ringerike kommune. Han har vore helsefagarbeidar nokre år allereie, og er ikkje i tvil om kva som gjer at han likar jobben: 

– Det er ein veldig allsidig jobb, der ein får mange utruleg fine, men òg tøffe møte med pasientar og brukarar. Eg elskar yrket mitt fordi eg kan vere der for dei som treng det. 

Gjennom tre dagar fekk Henrik testa ferdigheitene sine innan kartlegging av personar med demenssjukdom, sjukepleie til ungdom og handtering av akutte situasjonar på fritida. 

Henrik Solberg Bølgenhagen på dag 3 av Yrkes-NM i Førde.
Henrik Solberg Bølgenhagen på dag 3 av Yrkes-NM i Førde. (Foto: Oscar Aaslund Hovin)

Klar for yrkeslandslaget

– Det er så kort tid til det komande europameisterskapet, men eg er innstilt på å trene hardt og mykje. Eg skal gjere mitt beste, fortel Henrik berre nokre timar etter at han blei noregsmeister. 

Nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial Helge Sporsheim og norgesmeister i helsearbeidarfaget, Henrik Solberg Bølgenhagen frå Buskerud.
Nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial Helge Sporsheim og norgesmeister i helsearbeidarfaget, Henrik Solberg Bølgenhagen frå Buskerud. (Foto: Oscar Aaslund Hovin)

Neste konkurranse er yrkes-EM i Herning, Danmark.

– Med ein så dyktig utøvar som Henrik har eg stor tru på medalje under yrkes-EM, seier Sporsheim. 

Han reiser saman med ein delegasjon frå Fagforbundet til Herning i haust. Yrkes-EM skjer i Herning i Danmark, frå 9. til 13. september. 

På sigerspallen stod tre dyktige fagfolk som gjekk ut med gull, sølv og bronse etter tre harde konkurransedagar i Førde. Henrik Solberg Bølgenhagen vann gull, Kaia Seglem Helliesen frå Rogaland tok sølv, og Ingrid Steig frå Innlandet vann bronse.

Medan Henrik Solberg Bølgenhagen frå Buskerud vann gull, vann Kaia Seglem Helliesen frå Rogaland sølv og Ingrid Steig frå Innlandet vann bronse.
Medan Henrik Solberg Bølgenhagen frå Buskerud vann gull, Kaia Seglem Helliesen frå Rogaland tok sølv og Ingrid Steig frå Innlandet vann bronse. (Foto: Oscar Aaslund Hovin)

Handlar om rekruttering 

– Dette handlar om å rekruttere framtidas helsefagarbeidarar. Me har eit stort behov for fagfolk i tida framover, seier Sporsheim. 

– Du kan ikkje sjå desse ungdommane konkurrere utan å bli positivt innstilt for framtida, avsluttar han. 

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?