Utkast til legemiddelrundskriv må korrigerast
Det nye utkastet til rundskriv om legemiddelhandtering har nokre store manglar som må korrigerast, meiner Fagforbundet.
08.04.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 08.04.2025
Rundskrivet frå Helsedirektoratet, sist revidert i 2017, fungerer som ein rettleiar til legemiddelhandteringsforskrifta. Det er eit viktig hjelpemiddel når ein skal fordele oppgåver innan legemiddelhandtering, og planleggje kompetansetiltak.
– Legemiddelhandtering er ei risikooppgåve, og det er viktig at alle som har desse oppgåvene har naudsynt kompetanse, seier Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Ho meiner at ein av fordelane med rundskrivet frå 2017 er at det skildrar i ein viss detalj kva faktisk kompetanse som skal til for å gjere dei ulike oppgåvene.
– Det vert for lettvint å knyte det opp mot utdanningsnivå. Det er den faktiske kompetansen hos det einskilde helsepersonellet som er viktig, seier Luther.
Dette er òg det forskrifta legg opp til, men rundskrivet er mykje meir detaljert.
Må korrigere krava for intravenøse legemiddel
– I all hovudsak er utkastet til nytt rundskriv ei god oppdatering, seier Luther.
Men ho og Fagforbundet er bekymra om ei formulering om intravenøse legemiddel.
– Rundskrivet knyt desse oppgåvene opp mot utdanningsnivå, heller enn den faktiske kompetansen som skal til for å gjere oppgåvene. Dette er ei innstramming samanlikna med det førre rundskrivet, og vil skape store problem ute i tenestene, seier ho.
Formuleringa forbundet reagerer på er «Administrasjon av legemidler som intravenøse injeksjoner og infusjoner er alltid tilknyttet risiko og skal utføres av helsepersonell med særskilt kompetanse innen disse administrasjonsformene og håndtering av eventuell akuttsituasjon. Særskilt kompetanse betyr i denne sammenheng helsepersonell som har intravenøse injeksjoner og infusjoner som en del av sin utdannelse.»
– Me er sjølvsagt samde med direktoratet i at intravenøse injeksjonar og infusjonar er særleg risikofullt, og krev god kompetanse. Men erfaringar frå mellom anna fleire av sjukehusa tilseier at ein fint kan lage lokale kurs som gir den naudsynte kompetansen. Ved å knyte det opp mot utdanning skapar ein eit kunstig skilje i kven som kan gjere desse oppgåvene, meiner Luther.
Ho har difor ei klar oppmoding til Helsedirektoratet:
– Fjern formuleringa. Erstatt den med ei opplisting av den faktiske kompetansen som skal til for å gjere desse oppgåvene trygt, sånn som ein gjer for alle dei andre oppgåvene. Dette gir den naudsynte fleksibiliteten lokalt, og eg trur òg det vil gi betre pasienttryggleik sidan ein då er mykje meir eksplisitt på kva kompetanse som må til, i staden for å berre skrive «som del av sin utdannelse»
Utkastet til rundskriv finn du på helsedirektoratet.no. Fagforbundet har levert eit høyringssvar til direktoratet som du kan lese her.