Svært gode søkjartal til sjukepleie og gode tal for fagskulane
Søkjartala frå samordna opptak for 2025 visar ei 40% auke i fyrstevalssøkjarar til sjukepleiestudiet og solid søkning til helsefaglege fagskuleutdanningar.
28.04.2025
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 28.04.2025
Den store auka i søkjarar til sjukepleiarstudiet gler Iren Luther i Fagforbundet.
– Dette er jo fantastisk! Me har eit stort behov for dyktige fagfolk i åra framover, seier Luther som sjølv er sjukepleiar.
Ho peikar på fjerninga av karakterkrava som ein av nøklane til at det no går så bra.
– Karakterkrava gjorde at motiverte søkjarar vart unaudsynt haldt utanfor. Det var klokt å fjerne dette. Om ein er ueigna for yrket har ikkje med karakterar å gjere, og vi må ha tillit til at utdanningsinstitusjonane ikkje sender ueigna folk ut i tenestene, seier ho.
Ein del av auka skjer fordi fleire høgskular har utvida tilbodet om desentralisert utdanning.
– Det er ikkje alle som kan flytte for å studere. Ofte er det òg sånn at dei som flytter ikkje kjem tilbake, og det er eit problem for rekrutteringa i distrikta. Me må ha utdanningstilbod der folk bur, seier Luther.
Gode tal for fagskulane
Luther er nøgd med søkjartala for fagskulane.
– Eg registrerer ein svak nedgang frå i fjor, men tenkjer dette mest er ein del av dei naturlege svingingane mellom åra, seier ho.
Samstundes har ho ei klar oppmoding til arbeidsgjevarane.
– Me må bli betre på å leggje til rette for at fagarbeidarar får ta vidareutdanning. Skal me klare framtidas utfordringar i helsetenesta må me satse på fagfolka, seier Luther.