Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Min side

9. september brakar det laus i Herning i Danmark. 600 unge yrkesutøvarar frå 33 land skal konkurrere i 38 ulike yrke.

Nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial, Helge Sporsheim (t.v.), trur på medalje i yrkes-EM, her saman med norgesmeister i helsearbeidarfaget, Henrik Solberg Bølgenhagen frå Buskerud.
Nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial, Helge Sporsheim (t.v.), trur på medalje i yrkes-EM, her saman med norgesmeister i helsearbeidarfaget, Henrik Solberg Bølgenhagen frå Buskerud. (Foto: Oscar Aaslund Hovin)

Helge Sporsheim, nestleiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, reiser til Herning for å følgje den norske utøvaren i helsearbeidarfaget, Henrik Solberg Bølgenhaugen, som kjem ifrå Ringerike.

– Eg gler meg veldig! Henrik er ein fantastisk ambassadør for Noreg, seier Sporsheim.

Henrik kvalifiserte seg til EM ved å vinne det norske yrkes-NM i helsearbeidarfaget, som vart gjennomført i Førde i april.

Henrik utgjer, saman med 16 andre, det norske yrkeslandslaget. Helsearbeidarfaget har sju land som deltek i årets europameisterskap. I tillegg til Noreg, deltek også Tyskland, Danmark, Spania, Kroatia, Ungarn og Storbritannia.

– Henrik er fagleg sterk, det er absolutt sjansar for pallplass i helsearbeidarfaget i år, avslører Sporsheim.

Ventar 100 000 besøkjande

WorldSkills Danmark, som har ansvaret for konkurransen, ventar inntil 100 000 besøkjande i laupet av dei fire dagane med konkurransar.

Om du ynskjer å følgje konkurransane, og særleg Henrik, kjem Fagforbundet til å publisere fortlaupande både på nettsida og på Facebook-sida «Fagforbundets helsefagarbeidere og hjelpepleiere», WorldSkills Norway publiserer òg på sine nettsider, og si Facebook-side. Opnings- og avslutningssermoniane blir òg strauma av WorldSkills.

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?