– Henrik er eit fantastisk forbilete for norske fagfolk, seier Helge Sporsheim, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Helge er saman med ein stor delegasjon frå yrkesseksjon helse og sosial på plass i Herning for å følgje konkurransane.
– Dette blir veldig spennande. Henrik er rådyktig, men det er òg utøvarane frå dei andre landa som konkurrerer i helse og sosialfag, seier ein entusiastisk Sporsheim.
Følg med
No er det fyrst tre dagar med konkurranse, onsdag, torsdag og fredag. På laurdag er det medaljesermoni. Den kan du følgje direkte frå kl. 18.30 på laurdag. Lenkje til straumen blir publisert på Facebook-sida til EuroSkills 2025 i god tid før den startar.
Fagforbundet kjem til å leggje ut oppdateringar gjennom veka på Facebook-sida «Fagforbundets helsefagarbeidere og hjelpepleiere». I tillegg kjem oppdateringar på yrkeskonkurranse-sida på fagforbundet.no. Denne artikkelen vil òg bli oppdatert gjennom veka.