Landsstyret i Fagforbundet ser fram til at fleirtalspartia styrker fellesskapsløysingane, sikrar rettferdig fordeling og bygger vidare på det organiserte arbeidslivet som ein berebjelke i det norske samfunnet. Valresultatet gir håp om ein politisk kurs som tar tak i utfordringane i arbeidslivet og velferdstenestene, – saker som er heilt sentrale for medlemmene våre.
Eit rettferdig samfunn for alle
Fagforbundet forventar at det raudgrøne stortingsfleirtalet og regjeringa fører ein økonomisk politikk som set behova til vanlege folk først. Eit rettferdig samfunn føreset arbeid til alle, og økonomisk styring som dempar prisveksten og får renta ned. Skattepolitikken må bidra til omfordeling og mindre forskjellar, samtidig som politikken sikrar finansiering av fellesskapsløysingane.
Regjeringa må legge til rette for eit inkluderande arbeidsliv og mobilisere den arbeidskrafta som velferdstenestene treng.
Betre velferdstenester med god kommuneøkonomi
Fagforbundet meiner kommunane må få eit økonomisk handlingsrom som gjer dei i stand til å levere gode og likeverdige tenester til innbyggarane i heile landet. God kommuneøkonomi er ein føresetnad for å sikre god kvalitet, kompetanse og tilstrekkeleg bemanning i velferdstenestene.
Det er avgjerande at kommunane er attraktive arbeidsgivarar med heile og faste stillingar, gode arbeidsvilkår og høve til kompetanseutvikling. Derfor må dei frie inntektene aukast og finansieringa av ressurskrevjande tenester styrkast. Regjeringa må også sikre at tilsette i velferdstenestene får rett til nødvendig arbeidstøy og -sko.
Fagforbundet vil at dei raudgrøne partia skal styrke det offentlege og ideelle barnevernet, samtidig som ein vidarefører arbeidet med å avkommersialisere barnevernstenestene.
Posten må oppretthaldast som ei landsdekkande teneste og ein viktig del av vår nasjonale beredskap. Fagforbundet støttar etableringa av ei dørterskelteneste som gjer det mogleg for eldre å bu lenger heime.
I åra framover er det stort behov for investeringar i vassforsyning og avløp. Regjeringa må gå gjennom finansieringssystemet og gjennomføre endringar som gir låge gebyr og rettferdig fordeling av kostnadane.
Eit betre arbeidsliv
Norske arbeidsfolk treng ei regjering som gjer arbeidslivet tryggare. Fleire må bli inkluderte i arbeidslivet gjennom tilrettelegging og vern mot yrkesskade og -sjukdom. Arbeidsmiljølova må presiserast slik at arbeidsgivarar har eit klart ansvar for å legge til rette for tilsette med nedsett arbeidsevne. Ingen skal skyvast ut av arbeidslivet fordi dei har behov for tilpassingar.
Regjeringa må følge opp vedtak om yrkesskade og yrkessjukdom, slik at ein anerkjenner og kompenserer for arbeidsbelastning over tid, risikofylte yrke og sjukdommar som rammar særleg utsette grupper. Regelverket må styrke rettstryggleiken til arbeidstakaren.
Samarbeid for gjennomslag
Fagforbundet er glade for at veljarane har gitt tydeleg støtte til meir raudgrøn politikk. Det er bra at vi framleis får ei regjering som vil jobbe med – og ikkje imot – fagrørsla. Vi vil samarbeide tett med regjeringa og dei raudgrøne partia for å sikre gjennomslag for krava våre og for ein politikk som betrar forholda for medlemmene våre og innbyggarane i Noreg.