Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Min side

Det norske yrkeslandslaget er i Herning, Danmark, for yrkes-EM 2025. Der konkurrerer 17 norske ungdommar i ulike fag.

Isabella Nguyen konkurrerer i yrkes-EM i Herning, Danmark
Isabella Nguyen konkurrerer i yrkes-EM i Herning, Danmark (Foto: WorldSkills Norway)

Eg møter Isabella Nguyen mellom slaga i Herning. Ho er 19, født og oppvekst i Oslo, og jobbar som frisør hos PåHåret Studio i Bogstadveien.

– Korleis synst du det har gått så langt?

– Eg er eigentleg nøgd. Alltid nokon småpirk som ein ser når ein er ferdig, men alt i alt synst eg det har gått bra.

Ho anbefaler ungdom å bli frisør, men er ikkje heilt sikker på den nøyaktige grunnen til at ho valde faget.

–  Det var litt som alle andre ungdommar som skal velje, eg ante ikkje kva eg ville bli. Men det eg visste var at kontorarbeid ikkje var for meg, eg ville jobbe med noko praktisk, der eg kunne bevege meg – og noko kreativt. Så då var jo frisør eit av alternativa som eg synst høyrdest gøy ut. I tillegg hadde eg høyrd at det ikkje var så vanskeleg å få seg jobb.

– Eg vil definitivt anbefale andre å bli frisør! Kvartfall å prøve det ut. For det er et veldig gøy fag kor du kan gjere veldig mykje forskjellig. Du kan jo òg vidareutdanne deg til makeup-artist om du vil det.

Isabella starta med yrkeskonkurransar tidleg, allereie andre året på vidaregåande.

– Då fekk eg høve til å delta i Skole-NM, noko eg synst var veldig gøy. Så når eg skulle ut i lære hadde eg høyrd at PåHåret la til rette for at ein kunne delta i konkurransar, og det var noko eg hadde veldig lyst til å fortsetje med. Eg deltok òg på VM i Paris i fjor.

Mykje trening

For å førebu seg til yrkes-EM har ho vore i hardtrening det siste halve året. Det har ho kombinert med å fullføre læretida si. I August fekk ho òg svennebrevet sitt.

– Eg har drevet ein god del eigentrening, men har òg stort sett hatt ein dag i veka kor eg øvd saman med eksperten, som er trenaren min. Me har gått gjennom kva behandlingar eg slit mest med, og då har eg sjølvsagt øvd mest på dei, sjølv om me òg har gått gjennom dei andre.

– Kunne du tenkje deg WorldSkills (yrkes-VM) til neste år?

– Ja, eg trur jo det hadde vore veldig gøy, men må sjå det litt an når eg har fullført EuroSkills, sjå litt korleis eg synst det har vore. Dette er litt annleis enn VM for frisørar, her er det ting ein gjer i salongen – ikkje like «crazy» som dei som er i VM. Her er det klipp, oppsett, permanent og sånne ting. Det eg gjer på dei andre konkurransane er veldig ekstravagante frisyrar. Så må sjå om eg trivst med dette like godt.

Men yrkeskonkurransar kjem ho uansett til å fortsetje med.

– Det er eg veldig glad i, og så får ein øvd seg på ting som ein kanskje ikkje møter til dagleg i salongen.

Held nervane i sjakk

– Eg blir faktisk ikkje nervøs. Kvartfall ikkje her nede. Eg er på ein måte i mi eiga boble. Eg hugsar jo dei fyrste konkurransane, då var eg veldig bevisst på publikum, med ein gang eg høyrde ein stemme så snudde eg meg mot den, men no bryr eg meg ikkje.

No set ho mest pris på publikum.

– Det er veldig gøy å sjå at folk kjem, at dei står og ser på og synst at det er interessant.

– Medlemsskap i fagforeining er koseleg

– Du er jo medlem i Fagforbundet, kva gjorde at du valde å bli med?

– Eg vart jo anbefalt det, og så ingen grunn til å la vere. Det er interessant å følgje med på nyheiter om faget, og berre det å vere i ein organisasjon med andre folk som har same interesse er veldig fint, det er rett og slett koseleg.

Fagforbundet heier på Isabella. Resultata kjem laurdag kveld.

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?