Dette vart klart under avslutningssermonien til EuroSkills 2025 som gjekk av stabelen i Herning, Danmark 10.-12. september.
– Det har vore utrulig gøy og spanande og hektisk, med tre caser på 40 minutter kvar dag i tillegg til skriftlige oppgåver, seier den glade sølvvinnaren.
Sjå heile intervjuet med Henrik på Facebook
Vanvitig prestasjon
– Dette er heilt utruleg, seier leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Iren Mari Luther.
– Eg trur få skjønner den vanvitige prestasjonen Henrik har levert.
Nestleiar i Yrkesseksjon helse og sosial, Helge Sporsheim, har fylgt både treninga og meisterskapet på nært hald. Han har stått «ringside» og sett alle Henriks oppgåver i konkurransen i Lyon.
– Eg har hatt trua heile vegen! Henrik er botnsolid og har hatt eit veldig godt apparat rundt seg. Det er likevel heilt fantastisk at det vart pallplass, seier ein glad Sporsheim.
Les om resultata til resten av yrkeslandslaget på worldskills.no.
Les om Isabella Ngyen, som deltok i frisørfaget