Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

I dag, 21. september, er ambulansepersonelldagen. Etter mordet på ein ambulansearbeidar i Sverige i går, er det i år med eit mørkt bakteppe.

– Ambulansepersonelldagen vart litt annleis i år, skriv Iren Luther
– Ambulansepersonelldagen vart litt annleis i år, skriv Iren Luther (Foto: Werner Juvik)

I dag går fyrst og fremst vår djupaste medkjensle til våre svenske kollegar, og dei pårørande til den drepne ambulansearbeidaren.

Det kjenst meiningslaust ut. Ambulansepersonell er på jobb for å hjelpe andre. Dykk er fyrstelinja når me treng hjelp. Det skal vere trygt.

Me veit framleis lite om kvifor det skjedde, og me kjem ingen veg med spekulasjonar. Når svara kjem må me finne ut korleis me kan hindre at dette skjer med nokon andre. Det skuldar me alle som går på jobb for å hjelpe andre.

Ambulansepersonelldagen vart litt annleis i år. Men den er likevel viktig å markere. For å heidre dykk som står klar til å rykke ut når nokon treng hjelp.

Me er mange som tenner eit lys for vår svenske kollega. Ta vare på kvarandre.

Iren Mari Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?