Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Dei nye retningslinjene er tilgjengeleg no på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk.

– Etikk er grunnsteinen i alt arbeid i helsetenestene, seier Iren Luther
– Etikk er grunnsteinen i alt arbeid i helsetenestene, seier Iren Luther (Foto: Mostphotos)

Les heile retningslinene på bokmål  nynorsk  samisk/sámegiella  engelsk

Alle menneske har same verdi, same ukrenkelege rettar, same krav på eit liv utan unaudsynt smerte eller liding og ein verdig daud. Som helsepersonell og fagorganiserte forpliktar me oss til å arbeide for at alle menneske skal få oppfylt desse krava og rettane.

Sånn startar verdigrunnlaget i dei nye yrkesetiske retningslinene for helsepersonell som Fagforbundet no har publisert. Det er ein totalrevidering, som endrar både form og innhald i retningslinene.

– Det var på tide å gjere ein revisjon. Etikk er grunnsteinen i alt arbeid i helsetenestene, og det er difor viktig at retningslinene er oppdaterte og blir opplevd som nyttige i det daglege arbeidet, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Dei nye retningslinene er på mange område meir utfyllande enn dei gamle, i tillegg til at dei er oppdatert til å vere meir relevante i møte med aukande digitalisering.

– Ekstra gøy er det å kunne publisere på både bokmål, nynorsk, samisk og engelsk på ein gang, seier ei nøgd Luther.

Berre starten

Publiseringa av sjølve retningslinene er berre starten.

– No må me gjere dei kjend for medlemmane, seier Luther.

Fagforbundet planlegg å utarbeide opplæringsmateriell tilpassa ulike grupper, som elevar og yrkesaktive.

– Eg er sikker på at desse blir eit godt verktøy i arbeidet med etiske helsetenester, avsluttar Luther.

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?