Vi ser at det blir bevillinga meir til kommunane, men dessverre er det ikkje nok. Kommunane har over lengre tid fått tildelt for lite.
Når kommune økonomi rammar kulturen, rammar det ikkje berre konsertar og kulturhus. Det rammer barna våra, ungdommane våra og folkehelsa.
Vi står i eit tid der kommunane møter ei rekkje samansette utfordringar i ei aldrande befolkning, auka krav til investeringar, press på barnehagedekking, digitalisering, usikre statlege overføringar og høgare renter som gjer at lån blir dyrare.
Kommunane står under sterkt økonomisk press og ofte, ALTFOR OFTE blir kulturtilbodet eit av dei første kutta når budsjetta skal balanserast.
Det må vi setje ein stoppar for.
Redusere midlar til kultur er ikkje berre eit spørsmål om underhaldning eller estetikk – det rammer barns og unges utvikling, svekkjer lågterskeltilbod som er førebyggande for psykisk helse, og undergrave det mangfaldet som formar eit levande lokalsamfunn.
Kva skjer når vi skjerer ned kulturtilboda?
Barn og unge mistar lågterskelarenaer der dei kan utfalde seg, finne meistring og byggje sosiale nettverk.
Skolar og fritidstilbod som musikk-, teater og idrettsaktivitet må slite for å halde oppe tilbodet. Det svekkjer førebyggande arbeid for psykisk helse og aukar risikoen for isolasjon og utanforskap.
Lokalsamfunnet mistar viktige møteplassar som bidrar til tilhørighet, skape frivillig engasjement og lokal identitet.
Kultur er ikkje luksus.
Kultur skaper læring, arbeidsglede, innovasjon, tryggleik og er helsefremjande. Hovudprinsippet må vere at kultur blir ein av kjerneoppgåvene i kommunane- ikkje noko vi held på med når vi har pengar til overs.
Derfor bør regjeringa øyremerka kulturmidlar i kommunalt budsjett., spesielt dei tilboda som er retta mot barn, unge og folk med låg inntekt.
Kultur er viktig for å skape felleskap og samhald og det bidrar til at alle føler seg inkluderte og deltek i samfunnet. Dette er viktig for å styrkje demokratiet og reduserer sosiale skilnader.
Eg vil spesielt henvende meg til dokke politikarene- dette handlar om kva slags samfunn vi vil byggje.
Vil vi velje kortsiktig sparetiltak eller vil vi investere i framtida til barn og unge, i folkehelsa og levande lokaldemokrati ?
Det er eit politisk ansvar til å setje verdiar først. - LA OSS STÅ SAMLA OG KREVJE AT KULTUR BLIR BEHANDLA SOM EIN GRUNNLEGGANDE DEL AV VELFERDA – ikkje det som er det første som blir ofra når tala ikkje stemmer.
Nei til kutt- ja til kultur for alle !