Noreg har ansvar for å fremje sosial, miljømessig og økonomisk berekraft i nordområda gjennom samarbeid, nærvær og handheving av norsk suverenitet.
Fagforbundet vil ta vare på interessene til medlemmene våre som bur og arbeider i nord. Dei skal kunne leve trygge og gode liv. Samtidig har medlemmene til Fagforbundet høg kompetanse som samfunnet er avhengig av for å sikre sysselsetting, næringsutvikling og samfunnstryggleik i regionen. Arbeidsfolk er ofte i første linje når kriser oppstår. Da må dei også bli tatt med i førebuingar og få opplæring.
Mange arbeidsplassar i Nord-Noreg er avhengige av arbeidskraft frå andre delar av landet, noko som gjer landsdelen sårbar. Beredskap og samfunnstryggleik må sikrast av tilsette som bur og arbeider i Nord-Noreg. Derfor krev Fagforbundet faste tilsettingar både i offentleg og privat sektor, eit organisert arbeidsliv med norske lønns og arbeidsvilkår – og heilårlege arbeidsplassar som bidrar til gode lokalsamfunn. Fagforbundet meiner det trengst sterkare økonomiske verkemiddel som gjer det meir attraktivt å busette seg i dei nordlegaste områda.
Forsvar og beredskap: Folk først
Russlands angrepskrig og okkupasjon av Ukraina har auka spenninga i nordområda. I lys av dette har Stortinget vedtatt ei historisk stor forsvarssatsing. Det er nødvendig å vere førebudd på kriser. Sjølv om tryggleik og beredskap har kome i fremste rekke, må Forsvaret aldri bli eit mål i seg sjølv. Forsvaret skal sikre menneske, samfunn og felles verdiar, ikkje omvendt.
Den militære og sivile beredskapen må fremje interessene til samfunnet og tryggleiken til innbyggarane. Samtidig er det viktig å arbeide for nedrusting og nye nedrustingsavtalar. Prinsippet om ikkje-førstebruk av atomvåpen må leggast til grunn for å redusere spenninga og risikoen for militær eskalering. I dette perspektivet er vidareføring av fiskeriavtalen mellom Noreg og Russland også viktig, fordi avtalen kan bidra til redusert spenning og betre forvalting av økosystema. Det er viktig at fiskeriressursane kjem kysten til gode gjennom auka kvoter til kystflåten og gjennom leveringsplikt for store havgande fartøy.
Klimaendringar og beredskap – tilsette er i første linje Klimaendringar og risikoen for ekstremvêr medfører eit auka behov for kunnskap, tilpassing og beredskap. Det er avgjerande at både offentleg og privat sektor er førebudde og styrkar beredskapen.
Fagforbundet støttar den norske modellen. Samarbeid mellom arbeidsgivarar, arbeidstakarar og styresmaktene må til for å bygge opp ein beredskap som sikrar behova til både befolkninga og næringslivet.
Fagforbundet ønsker å:
- delta aktivt i partssamarbeid, som er kjernen i den norske modellen, og bidra med våre perspektiv og erfaringar. Medlemmene våre må få opplæring som gjer at dei kan delta i omstillinga og utviklinga av ny politikk for nordområda.
- sikre at lokale og regionale stemmer blir høyrde i saker som gjeld dei. Folk som bur og arbeider i nordområda har viktig innsikt og kunnskap som må bli tatt med i utviklinga av politikk og tiltak.
Samarbeid og forsoning
Forsoningsarbeidet er presserande for å gjenopprette tillit og tryggleik i nord. Fagforbundet stiller seg solidarisk med samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar, og støttar deira sjølvråderett. Politisk vilje og gode prosessar må til for å følge opp dei foreslåtte tiltaka frå Sannings- og forsoningskommisjonen. Sikring av dei samiske folka som urfolk må prioriterast, slik at dei kan utvikle språk, kultur og samfunnsliv på lik linje med resten av befolkninga.
Vi må samarbeide om prosessar for forsoning som vil styrke samfunnet. Dette arbeidet må ta sikte på å sikre eit materielt grunnlag for samiske samfunn og kultur, og dessutan bidra til tryggleik og beredskap i regionen.
Folk og fagrørsle i nord
Samarbeid på tvers av grenser er nødvendig for å skape gode naboforhold. Fagforbundet vil bidra til å styrke samarbeidet i fagrørsla i Norden. Vi vil arbeide for å etablere eit strategisk samarbeidsforum på Nordkalotten for fagforbunda i Noreg, Sverige og Finland. Slik kan vi bygge vidare på viktige erfaringar frå det tidlegare folk-til-folk-samarbeidet for ei ny tid.