Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

Influensasesongen er her tidleg i år, i følgje folkehelseinstituttet. Det viktigaste enkelttiltaket for å beskytte deg sjølv, pasientar og brukarar, er å ta vaksinen.

Kvinne som får sett ei vaksine i armen
Fagforbundets Iren Luther har sjølv tatt årets influensavaksine (Foto: Privat)

Som helse- og omsorgspersonell med pasientkontakt skal arbeidsgjevar tilby deg vaksine gratis. Influensavaksinen inneheld bitar av influensavirus, og kan ikkje gi influensasjukdom.

Vaksiner er òg eit godt folkehelsetiltak. Sjølv om me i år fekk eit nytt vaksenvaksinasjonsprogram er det enno ikkje på plass nokon systematisk revaksinering av vaksne. Somme av vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet gir livslang beskyttelse, men somme gjer ikkje det.  Myndigheitene anbefaler påfyll av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio kvart 10. år.

Om det er ei stund sidan sist kan det vere lurt å logge inn på Helsenorge og sjekke om det er på tide med ei oppfrisking. Kontakt fastlegen for å få time til vaksinasjon.

Vaksiner er god eigenomsorg, og skal du kunne hjelpe andre, må du òg passe på deg sjølv!

Iren Luther

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?