Til hovedinnhold
Bli medlem

Meny

For knappe tre veker sidan var det landsmøte i Fagforbundet. I fem dagar debatterte me, og gjorde gode framtidsretta vedtak for korleis me skal betre arbeidslivet, og samfunnet elles, dei neste fire åra. Å delta på landsmøtet er like stort kvar gang. Det er umogleg å vere innom der utan å få framtidstru.

Iren Mari Luther
Iren Mari Luther (Foto: Werner Juvik)

Men me er ikkje ferdige. Landsmøtet overlét, naturleg nok, detaljane i den faglege politikken til fagfolka sjølv. Det er våre medlemmar i helse- og sosialtenestene som veit korleis situasjonen er, kva som er dei store utfordringane, og, ikkje minst, kva som er løysinga. Organet som skal vedta denne politikken er landskonferansen, og den er onsdag og torsdag neste veke.

Då skal me ha to tettpakka dagar med debatt og faglege innlegg, og saman utfylle Fagforbundets politikk for helse- og sosialtenestene dei neste fire åra.

Når både landsmøte og landskonferansane er gjennomført og føringane for politikken vår er lagt, då startar jobben. Me skal betre tenestene våre, sikre at pasientar og brukarar får dei tenestene dei treng, når dei treng dei, og med høg kvalitet. Ein føresetnad for å få dette til er gode arbeidsforhold, kor ein har gode nok rammer til å gjere den viktige jobben me er sett til å gjere.

Fagfolka er den viktigaste ressursen i helse- og sosialtenestene våre. Eg gler meg til å gå på jobb for dykk dei neste fire åra.

Iren Luther

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?