A-krimsenteret i Tønsberg har nyleg avdekt koplingar mellom kriminelle nettverk og private verksemder som leverer barnevernstenester. Personar med tilknyting til kriminelle miljø har eigarroller, leiaransvar eller er tilsette, viser ei undersøking av 16 private barnevernsføretak i Sør-Øst politidistrikt. Barn har vore plasserte i tilbod som er kontrollerte eller drivne av personar med kriminell bakgrunn. A-krimsenteret åtvarar òg om at offentlege pengar kan hamne i kriminelle pengestraumar, og at sårbare barn kan komme i kontakt med vaksne som rekrutterer eller påverkar dei inn i kriminelle miljø.
Avsløringane viser kva som står på spel når samfunnet overlèt omsorga for dei mest sårbare barna våre til marknaden. Fagforbundet har i mange år åtvara mot at barnevern og andre velferdstenester blir lagt ut på anbod. Vi har peika på at profittjakt, oppsplitting av ansvar og manglande innsyn kan svekke tenestene, og medføre risiko både for tenestemottakar og det offentlege. Rapporten «Det svenska tillståndet i välfärden» viser korleis profitt i offentleg finansierte tenester kan tiltrekke seg kriminelle aktørar.
I barnevernet er risikoen særleg alvorleg. Her kan kriminelle både få tilgang til offentlege midlar gjennom eigarskap og drift, og komme tett på sårbare barn. Barnevern skal verken vere ei inntektskjelde eller ein rekrutteringsarena for kriminelle miljø. Vi må ikkje få svenske tilstandar i den norske velferda.
Løysinga er ikkje så enkel som strengare kontroll med private aktørar. Vi må bygge eit robust offentleg institusjonsbarnevern som har kapasitet og kompetanse til å møte barna sine behov over tid. Institusjonsbarnevernet bør eigast og drivast av staten, med langsiktige samarbeid med ideelle aktørar som supplement.
Barnevernsinstitusjonane må ha nok bemanning, brei fagleg kompetanse og ressursar til å møte ulike behov. Målet må vere at institusjonen tilpassar seg barnet, ikkje at barnet må flyttast fordi systemet manglar kapasitet. Barn som har opplevd utryggleik, treng stabile relasjonar, kontinuitet og trygge vaksne som blir verande. Dette krev fleire og betre offentlege institusjonsplassar, med gode tilbod nær der barna bur.
Dei mest sårbare barna fortener eit barnevern bygd på omsorg og langsiktige relasjonar, ikkje på anbod og skiftande eigarar. Når barn har opplevd utryggleik, er det samfunnet sitt ansvar å møte dei med stabilitet og trygge vaksne. Fagforbundet meiner at dette ansvaret ikkje kan overlatast til marknaden: Det ansvaret må ligge hos fellesskapet.