Språk: Bokmål Nynorsk Sámegiella English
Desse etiske retningslinene er meint å gjelde for fagorganisert helsepersonell. Som fagorganiserte arbeidarar og utøvarar av helseyrke er me forplikta av både fagas etiske tradisjonar og av arbeidarrørslas idegrunnlag. Dette betyr at ein er forplikta til å arbeide etter prinsippa omtanke, solidaritet og samhald.
Retningslinene skal motivere og forplikte helsepersonell til å, etter beste evne, gje fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp til alle som treng det.
Våre etiske prinsipp gjeld ikkje berre for vår eiga praksis. Som helsepersonell og fagorganiserte er me òg forplikta til å arbeide for at helsetenesta har politiske og økonomiske rammevilkår som gjer etisk og fagleg forsvarleg helsehjelp mogleg. Me står òg i arbeidarrørsla sin internasjonale tradisjon, som forpliktar oss til å arbeide for vilkåra til helsepersonell og menneske som treng helsehjelp i heile verda.
1. Verdigrunnlag
Alle menneske har same verdi, same ukrenkelege rettar, same krav på eit liv utan unaudsynt smerte eller liding og ein verdig daud. Som helsepersonell og fagorganiserte forpliktar me oss til å arbeide for at alle menneske skal få oppfylt desse krava og rettane.
1.1 Alle menneske er likeverdige
1.2 Kvart menneske skal møtast med respekt og omsorg, uavhengig av alder, funksjonsavgrensingar, sjukdom, etnisitet, seksuell orientering, kjønn og kjønnsuttrykk, religion/livssyn, politisk overtyding, sosial status eller økonomi.
1.3 Alle har rett på helsehjelp. Helsepersonell skal, innanfor rammene av lov og avtaleverk, gjere sitt beste for at alle får naudsynt helsehjelp. Der det er forskjellsbehandling av menneske skal helsepersonell jobbe for å endre dette.
1.4 Helsepersonell skal jobbe mot alle formar for diskriminering.
2. Etikk og etisk praksis
Etiske retningsliner, lovverk, livssyn og religion og ålmenne oppfatningar om rett og galt er kjelder til etisk praksis, men i seg sjølv ikkje nok. Etisk praksis vert til gjennom refleksjon, diskusjon og dialog. Det handlar om å bli medviten på eigne haldningar og verdiar, og lære seg korleis desse kjem og bør kome til uttrykk i møte med andre.
2.1 Alle som er tilsette i helsesektoren skal gis tid, rom og høve til etisk refleksjon i kvardagen.
2.2 Alle som er tilsett i helsesektoren skal få tilbod om skolering, etter- og vidareutdanning med vekt på etikk.
3. Yrkesutøvinga og fagleg forsvarleg yrkesutøving
Fagleg forsvarleg yrkesutøving handlar om å kjenne sin eigen kompetanse, anerkjenne andre sin kompetanse og alltid streve etter å arbeide på grunnlag av relevant og oppdatert kunnskap. Med dette følg ei forplikting om å halde seg oppdater om forsking og utvikling i faget sitt og å vere villig til å ta etter- eller vidareutdanning.
3.1 Helsepersonell skal sikre at alle pasientar får fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp. Helsepersonell skal aktivt lindre smerte og liding, fremme helse, og tilby verksam behandling.
3.2 Helsehjelp skal basere seg på anerkjende metodar og kunnskap.
3.3 Helsepersonell skal ikkje utnytte yrkestitlar til eigen vinning.
3.4 Helsepersonell skal hindre at pasientar blir utsett for unaudsynte medisinske prosedyrar og behandling.
3.5 Helsepersonell skal arbeide for å få mest mogleg ut av dei avgrensa ressursane me har tilgjengeleg, og sikre at me tek vare på dei med dei mest alvorlege tilstandane og største behova.
3.6 Viss ein får oppgåver eller det oppstår situasjonar kor eigen kompetanse ikkje strekk til skal ein oppsøkje hjelp hos andre. Om nokon ber om hjelp skal ein bidra.
3.7 Helsepersonell skal varsle om kritikkverdige forhald. Lojaliteten til pasienten går føre lojaliteten til arbeidsgjevar og kollegar.
3.8 Pasientar og brukarar sitt privatliv skal respekterast.
3.9 Helsepersonell skal skilje tydeleg mellom personlege og profesjonelle forhold og aldri utnytte ein pasient eller brukar på nokon måte – korkje kjenslemessig, seksuelt eller økonomisk.
3.10 Helsepersonell skal overhalde teieplikta, og sørgje for at opplysningar blir verande konfidensielle. Pasientar og brukarar skal vere trygge på at opplysningar aldri vil bli nytta til andre formål enn helsehjelp, utan at det er gitt eit eksplisitt samtykke til dette.
3.11 Helsepersonell skal hindre at uvedkommande får tilgang til elektronisk pasientjournal, og for at denne blir gitt på ein måte som er tilpassa den enkelte sine føresetnadar (språk, kognitiv funksjon mv.).
3.13 Helsepersonell skal nytte sosiale medium ansvarleg, og motverke spreiing av uriktige helseråd.
3.14 Helsepersonell skal hindre at pasientar, pasientopplysningar og pårørande blir utnytta til økonomisk eller anna vinning.
3.15 Samtykke skal liggje til grunn for helsehjelp. Helsepersonell skal arbeide for å unngå bruk av tvang og tvangsmiddel, og for å endre arbeidsprosessar og rutinar som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til pasientar og brukarar sin autonomi.
3.16 Helsepersonell skal respektere menneske si integritet, òg etter dauden.
4. Kollegafellesskapet
Fellesskapet på arbeidsplassen er grunnlaget for fagleg forsvarleg praksis, for meistring og fagleg utvikling, for tilhøyrsle og vekst både som menneske og yrkesutøvarar. Utan eit godt kollegafellesskap og eit støttande arbeidsmiljø, er ikkje fagleg forsvarleg praksis mogleg.
4.1 I møte med vanskelege situasjonar skal kollegar hjelpe kvarandre. Ein skal òg sørgje for at kollegar som treng profesjonell hjelp får dette.
4.2 Helsepersonell skal dele kunnskap, og bidra til å auke kompetansen til kollegar.
5. Internasjonal Solidaritet
Solidaritet er noko anna enn velgjerd. Solidaritet spring ut frå erkjenninga av at me alle har grunnleggjande felles interesse og at me er avhengig av kvarandre, sjølv på tvers av grenser og land. Som fagorganisert helsepersonell står me i arbeidarrørslas internasjonale tradisjon.
5.1 Helsepersonell skal arbeide for at retten til helsehjelp skal gjelde alle menneske, uavhengig av landegrenser.
5.2 Helsepersonell skal, sjølv i krig og konflikt, kunne gje helsehjelp til alle som treng det, utan å trenge å frykte for sitt eiga liv, for å bli forfylgt eller fråteke fridomen sin.
5.3 Helsepersonell arbeider for internasjonalt samarbeid som kan bidra til at alle menneske får tilgang på helsehjelp og som kan styrke høvet til å handtere globale helseutfordringar.
5.4 Helsepersonell arbeider for meir og betre deling av kunnskap, forsking og fagutvikling på tvers av landegrenser.
5.5 Helsepersonell arbeider mot at kapitalinteresser skal få leggje avgrensingar på samarbeid på tvers av landegrenser, til dømes gjennom å hindre at fattigare land får tilgang på vaksinar eller andre behandlingsformer.
5.6 Helsepersonell arbeider for at internasjonale avtaler og samarbeidsformer respekterer kvart enkelt lands rett til å sørgje for helsehjelp til sine innbyggjarar.
5.7 Helsepersonell skal ikkje bidra til å rekruttere helsepersonell frå andre land som treng personellet sjølv.
5.8 Helsepersonell skal bidra til å oppnå SN (FN) sine mål for berekraftig utvikling.