Yrkesetikken er grunnfjellet vi står på
I møte med stadig endringar, både tekniske og organisatoriske, er yrkesetikken ei viktig rettesnor.
25.02.2025
av
Iren Luther
Sist oppdatert: 26.02.2025
Helse- og sosialfagleg personell møter mange utfordrande situasjonar. Stadige forventningar om å jobbe meir effektivt. Om å ta i bruk ny teknologi. For ikkje å snakke om utfordrande faglege vurderingar.
Yrkesetikken vår er ein av måtane vi møter desse utfordringane på. Av og til må vi stoppe opp, gjere grundige vurderingar og stille spørsmål. Ikkje for å vere vanskelege, eller ut frå ein uvilje til å endre oss, men fordi det er menneske det handlar om, og konsekvensane av å ta feil er store.
Kunstig intelligens
Det nyaste tiltaket som utfordrar yrkesetikken vår er kunstig intelligens. Ikkje fordi KI i seg sjølv er noko negativt, men fordi det er stort press på å ta i bruk løysingar så snart som mogleg. Fagfolka ynskjer sjølvsagt tiltak som kan betre kvaliteten velkomen, men ein må vere trygg på at det er godt nok til at det leverer på det ein påstår det skal gjere, og trygt nok til at ein ikkje aukar risikoen for feil og diskriminering. Dette er utfordrande, og ein må unngå å bli freista til å ta snarvegar.
Fagforbundet sine yrkesetiske retningsliner vart vedteke i 2005. Då var KI enda noko vi venta på, noko som vi kanskje trudde ville komme langt der framme. Verda og tenestene har forandra seg mykje dei siste 20 åra. Prinsippa våre er stort sett uforandra, men vi har fått mange nye problemstillingar å bryna oss på. Difor har vi no byrja ein prosess med å fornya og revidere dei yrkesetiske retningslinene.
Yrkesetiske retningslinjener, det etiske medvitet og dømmekrafta
Det er mykje som regulerer og styrar korleis vi arbeider i helse- og sosialsektoren. Lovar og forskrifter og retningsliner, veiledarar og andre normerande dokument frå direktorata, for å nemne noko. Det er bra å ha mykje av dette, men same kor mykje vi lovfestar og regulerer så kjem vi ikkje unna at vi må ha yrkesutøvarars med høg grad av etisk medvit og dømmekraft. Særleg no, når tenestene på mange vis er under press.
Det er dette medvitet og denne dømmekrafta som skal gjere at til dømes pasient- og brukarrettslova sine formuleringar om at pasientar har krav på omsorgsfull hjelp vært noko meir enn ord på papir - sjølv når det er knapt med tid, folk og pengar. Dei yrkesetiske retningslinene er ein av byggesteinane i det etiske medvitet og dømmekrafta vår.
Mykje vil vera kjend, men det er og noko i det nye framlegget til retningsliner som er ganske nytt. Til dømes betonar det nye framlegget arbeidarrørsla sitt internasjonale engasjement sterkare. I ei tid med meir internasjonal uro, med krigshandlingar på europeisk jord og alvorlege brot med både folkeretten og menneskerettane fleire stader, vert denne delen av verdigrunnlaget vårt viktigare. Særleg for oss som er fagorganiserte helse – og sosialarbeidarar, når vi ser at personell som hjelp sjuke menneske, og helseinstusjonar, vert mål for krigføring.